Area
Førde

Opningstid servicetorget:
Mån.-fre. kl. 08.00-16.00.
Sommartid 15. april-14. oktober.
Mån.-fre. kl. 08.00-15.30
Målvedtak: Nynorsk
Areal: 582 km2
Innbyggjarar: 12.144 pers.
Førde kommune, fylkessenteret i Sogn og Fjordane, er i stadig vekst og ekspansjon, og tel idag omlag 12 000 innbyggjarar. Dei langt fleste av desse bur i det bymessige senteret Førde, som er det regionale handels-, service- og kommunikasjonssenteret, med eit godt og variert utbygd tenestetilbod. Områda kring sentrum er prega av dei tradisjonelle primærnæringane. Førde ligg i landlege omgjevnader med gode moglegheiter for friluftsliv sommar som vinter.