Area

Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø. "Bygland Best å Bu" uttrykkjer kva vi ønskjer å arbeide mot i Bygland.
I år 2009 var det ca. 1235 innbyggarar i kommunen.
Med eit areal på 1.330,7 km2 er Bygland den nest største kommunen i Aust-Agder fylke når det gjeld flatevidde.
Busetnaden ligg i dalsona over ei strekning på omlag 6 mil frå grensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til grensa mot Valle kommune i nord.
Opningstid: mån-fre 09.00-15.30