Area

Mån.-fre. kl. 08.00-15.00
Målvedtak: Nynorsk
Areal: 888,22 km2
Innbyggere: 906 pers. pr. 01.01.12
Åseral er ei særmerkt fjellbygd nord i Vest-Agder fylke. Fornminna vitnar om busetnad frå svært gamal tid.
I Sosteli er det grave ut restar av hus frå folkevandringstida, ca. 350-500 e. Kr.
Jordbruk og skogbruk er viktige næringar i kommunen. Elles er kommunen ein vasskraftkommune, med fleire damanlegg og fire kraftstasjonar.
Turisme er eit satsingsområde for Åseral. Me kan tilby flott turterreng, både sommar og vinter. Her er dessutan tre alpinsenter å velje mellom.
I kommunen er der rike tradisjonar innan kunsthandverk, og den årlege Bygdeutstillinga er kjent for høg kvalitet.