Myklebustsætra

På vegen mellom Ålfoten og Svelgen (RV 614) ligg Myklebustdalen med Myklebustsætra plassert rett attmed Sætravatnet. Dette er ei av dei få setrane i Sogn og Fjordane som enno er i drift. Her er sel og fjøs for alle bruka på Myklebust i Ålfoten. I dag er det 4 bruk som til saman har ca 50 kyr og ungdyr på setra om sommaren. Det er eit dieselaggregat som skaffar straum til mjølkemaskiner og tankar, men sela er utan straum. Området er barnevenleg og har merka turløyper.Vi flytter ut rundt jonsok-tider og heim att i bygda før jakta tek til 10.september. Brukarane fer på setra til fjøstid i 6-tida om kvelden, og vanlegvis overnattar dei til neste dag og reiser heim att i bygda etter fjøstellet om morgonen. I helgane er det alltid mykje folk på setra. Vi får mykje fisk både på garn og stang.Vi likar godt å ta imot besøk. Etter førhandsbestilling serverer vi rømask og setresveler til grupper på inntil 30 personar. Sidan det tek nokre dagar å få rømaskane ferdige, så må vi få bestilling seinast 4 dagar på førehand.Ønskjer du å bestille servering kan du gjere det på eit av desse telefonnummera:57795854 (97728437 i setresesongen)57795866 (48286697 i setresesongen)

Along the road from Ålfoten to Svelgen (RV 614) you will find Myklebustsætra, one of the few traditional summer mountain farms still running in Sogn og Fjordane Region. Here you will find summer farms pertaining to all the main farms in the Myklebust district, with the farmers arriving to care for the animals at about 6 in the evening. Most of them spend the night there to do the morning caretaking the next day, before departing for the day. The whole area is great for family outings, with marked trails in the hills and mountains. Visitors to the summer farm are welcome, and you can also order serving of coffee and traditional cakes in advance. To order or request further information, call the farms directly at one of the following numbers:(00 47) 577 95854 Summer (00 47) 97728437 (00 47) 577 95866 Summer (00 47) 48286697

Adresse: Myklebust, , Bremanger, Sogn og Fjordane
Telefon: 57 74 30 00
E-post: mail@fjordkysten.no
Url: www.fjordkysten.no

Gjør deg synlig!

Skal du arrangere noe i nærmeste fremtid? Da kan du markedsføre dette gratis hos oss.

+ Opprett en aktivitet
Sponsede lenker