Harpefossen og Hjelmelandsdalen kan tilby flotte turløyper for langrenn både i dalen og på fjellet. Både klassisk- og skøytespor.• 8 km rundløype frå Harpefossen i variert terreng. Løypa går innom 4 setregrender• 3 km lysløype med variert og spennande trase• Skiskyttarstadion• Turløype frå toppen av skitrekket til Steinegga/Sandegga. Flott utsikt ut i havet, mot Sunnmørsalpane, Ålfotbreen og Jostedalsbreen.• Varmestove med rimeleg servering• Utleige av skiutstyr. Preparering av ski og sal av utstyr.Harpefossen ligg i eit område som eignar seg godt som utgangspunkt for turar. Fjellområdet på nordsida av dalen som grensar mot Bjørkedalen og Dalsfjorden, har dei fleste og høgste toppane. Fjellområdet på sørsida av dalen som grenser mot Haugen, Nordfjordeid og Hjelle har på sin side ei flott utsikt over Eidsfjorden, og du kan gå over til Nordfjordeid via Fossane og Myklebustsætra.Vi kan tilby ca 20 km med oppkøyrde turløyper, frå Harpefossen forbi Tippasætra, Naustdalsætra, Bjørhovdesætra og Seflandsætra til Brekka. Området er ettertrakta av barnefamiliar og løypene vert brukt like mykje av turgåarar som av langrennsløparar.Toppen av skitrekket er eit godt utgangspunkt for fjellturar på nordsida av dalen. Vill du rett til topps ligg Storegga (960 moh) ovanfor. Frå Storegga er det god utsikt over Hjelmelandsdalen og Haugen med eit flott rensel ned til Smørdal. Dei fleste føretrekk likavel å gå innover fjellheimen og der finn du toppane Steinegga (1050 moh, 2 timar), Ljosurdegga (1205 moh, 3 timar), Sandegga (1230 moh, 3 timar). Frå Ljosurdegga er det eit fint rensel ned att på Naustdalsætra med ei fallhøgde på 900 meter. Dei spreke kan gå via Sandegga til Hjelmeland eller Remmedalen (5 timar).
Eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett.
Harpefossen and Hjelmelandsdalen offers excellent trails for cross country skiing in the valley and the mountains. Both classic and skating tracks. • 8 km track from Harpefossen in varied terrain. The trail runs past 4 mountain farms.• 3 km lighted trail with varied and exciting routes • biathlon stadium • walks from the top of the ski lift to Steinegga/Sandegga. Great views out to sea, against Sunnmørsalpane, Ålfotbreen and the great Jostedalsbreen glacier. • Kafeteria with inexpensive meals • Rental of ski equipment. Preparation of skiing and sale of equipment. We offer about 20 km of prepared trails, from Harpefossen past Naustdal Sætra, Bjørhovdesætra and Seflandsætra to Brekka. The area is coveted by families, and trails are used both byhe hikers and cross-country runners.
Nordfjord Skisenter is located at Harpefossen, 11 km from Nordfjordeid. It is a nice area for cross country skiing with about 20 km groomed trails.
| Adresse: | Harpefossen, , Eid, Sogn og Fjordane |
|---|---|
| Telefon: | +47 57 86 25 50 |
| Faks: | +47 57 86 14 97 |
| E-post: | post@harpefossen.no |
| Url: | www.harpefossen.no |
| Billetter | Fra |
|---|---|
| Parkeringsplass - 1 dag | 40,00 NOK |
| Heiskort - Tur | 35,00 NOK |
Skiutleie
skiutstyr
Vintersport
langrenn
lysløype
oppkjørte løyper
preparerte løyper
ski
Kilde: Reisemål Stryn & Nordfjord
Skal du arrangere noe i nærmeste fremtid? Da kan du markedsføre dette gratis hos oss.
+ Opprett en aktivitet